Vårt verdidokument

 Setesdalslista 2019-2023

LOKALDEMOKRATI

Openheit, tillit og samarbeid

Ei fanesak for oss, er at lokaldemokratiet skal fungere optimalt. Openheit, kommunikasjon og tillit mellom administrasjon, politikarar, innbyggarar og næringsliv er nøkkelen til vekst og utvikling. Det er nødvendig for eit godt lokaldemokrati at innbyggarane blir informerte om -og involverte i politiske prosessar. Det er viktig å sikre at også meir utsette grupper blant innbyggarane, ikkje minst dei som sjeldan ytrar seg offentleg, får kommunisere med administrasjonen og den politiske leiinga. Vi vil bidra til opplyst og open lokaldemokratisk debatt. Vi vil ha grundige og kunnskapsbaserte utgreiingar som grunnlag for gode avgjersler, og vi tillèt oss å tvile der vi er usikre.

Eit gjennomtenkt og heilskapleg planverk er nødvendig for at administrasjonen og politikarar skal kunne samarbeide til det beste for innbyggarane. Planane må uttale tydelege verdiar og kvalitetar i tenestene. For å ta vare på grunnleggande demokratiske prinsipp som offentligheit og likehandsaming, må vedtekne planar vere ei føreseieleg rettesnor og arbeidsramme for administrasjonen. Innom desse rammene, ønsker vi ein løysingsorientert og positiv kommune. Vi vil sikre at dei vedtaka som er fatta av politiske organ eller av rådmann skal vere objektive og faglig grunngitte, og uavhengige av relasjonar og partitilhørsle. Dette er ikkje minst viktig i små kommunar! Bygland kommune er ein viktig arbeidsgivar, og må ta arbeidsgivarrolla på alvor. Tilsette i kommunen skal oppleve at dei blir verdsette på arbeidsplassen. Dei skal ha gode rammer å jobbe etter, og få støtte i arbeidet med å levere best moglege tenester til innbyggarane. Bygland kommune skal vere ein arbeidsplass med gode arbeidstilhøve og eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø.

Vi vil:

• Ha ei sunn og demokrativennleg maktfordeling mellom Kommunestyre og Rådmann.

• Gi ut månadlege infoskriv om kva som skjer i kommunen, om ordførarens arbeid og kva som står på plakaten framover

• Bruke media aktivt for å informere og involvere innbyggarar

• Oppmode til offentleg debatt og ordskifte

• Ha jamlege frukostmøte mellom næringsliv, politikarar og administrasjon for samarbeid og nyskaping

• Sikre at Ungdomsrådet blir verdsett, høyrt, lært opp og involvert

• Vere rusta til å gi god og lovpålagd rettleiing til alle som ønskjer og treng hjelp til å fylle ut offentlige dokument og søknadar

• At offentlege dokument som kan vere opne for innsyn, er opne

• Offentleggjere kven og kva som får offentleg støtte

• Gjere innkjøpslistene offentlege

• Jobbe for eit godt arbeidsmiljø i kommunen

• Sørge for at kommunen blir arbeidsmiljøsertifisert

• Utvikle Bygland kommune som IA-bedrift

• Aktivt nytte brukarundersøkingar blant tilsette og innbyggarar for å forbetre oss

FELLESSKAP OG NABOSKAP – SAMAN ER VI BEST

Eit samla Setesdal – det beste for deg og meg

Om det offentlege skal klare å levere tilpassa og profesjonelle tenester og tilbod av høg kvalitet i framtida, er det best for Setesdal at kommunane slår seg saman. Vi meiner at fagmiljøa i kommunane blir betre av å bli større. Vi trur at større tilhøve er nødvendig for unngå for tette band mellom tenesteytar og brukar. Fellesskapet sine ressursane er til meir nytte og glede for kvar enkelt innbyggar, om vi er fleire som arbeider saman.

Vi vil:

• Invitere kommunane Evje og Hornnes, Valle og Bykle til ein samanslåingsprosess

• Sikre at innbyggarane i alle kommunane blir involverte i heile prosessen

• Sørge for at samanslåingsprosessen er kunnskapsbasert

• Sørge for ein politisk plattform som sikrar at alle kommunane får jambyrdig påverknad i framtida

Bygdeutvikling – trygt og godt å bu der du bur

I den omfangsrike kommunen vår har vi to sentrumsområde – Byglandsfjord og Bygland – med oppvekstsenter, bibliotek og sentrale helsetenester. Elles er byglendingane spreidde over eit langstrakt geografisk område. Vi vil legge til rette for utvikling i kvar ei bygd. Det skal vere godt å bu der du bur! I heile kommunen står det tome bustader og bruk. Småbruk og landlege bustader er attraktive heimar for tilflyttarar. Vi må bruke alle verkemiddel for å unngå at moglege bustader forfell og gror att. God infrastruktur er nødvendig for å kunne bu slik vi gjer i Bygland. Eit godt Internett er ein føresetnad for spreidd busetnad og fleksible arbeidsplassar i vår tid. Solid infrastruktur er grunnleggande for beredskap og sikkerheit. Innbyggarane kan ikkje leve med at naudnettet fell ut og at ein mistar strømforsyning. Kommunen må arbeide for at den enkelte forbrukar får tryggleik for nett, teledekning og strømtilførsle, kvardagen og i naud.

Vi vil:

• Ta ansvar for at bygdene våre er kopla på internett gjennom gode og stabile løysingar

• Arbeide aktivt og forskingsbasert for å få lys i fleire glas

• Vere koordinator for å knyte kontakt mellom eigarar og kjøparar av tome bruk

• Opne for å konsesjonsgrense null i bustadområde

• Sørge for at lova om driveplikt blir fulgt opp

• Gi nye innbyggarar ei velkomstpakke frå kommunen, med informasjon om tenestetilbod, fritidstilbod og kontaktinformasjon

• Legge til rette for at busette flyktningar skal bli verande, gjennom heilskapleg og rask integrering

• Tilby faddar/kontaktperson til nye innbyggarar

• Arrangere jamlege møtepunkt mellom politikarar, administrasjon og innbyggarar i alle grendelag

EIT VARMARE SAMFUNN FOR FRAMTIDA

Oppvekst – barn og unge er framtida Barna er vår viktigaste ressurs. Det er særs viktig at barna har ein trygg oppvekst, der dei blir ivaretekne som heile menneske, både i barnehagen, på skulen og i fritida. Det er viktig for eit lokalsamfunn å ha tilbod om barnehage og grunnskule i rimeleg nærleik, og at tilbodet held høg kvalitet. Som barnehage- og skuleeigar må kommunen halde fokus på verdiar og kvalitet i barnehage og skule. Vi vil samarbeide for at det faglege tilbodet held høg kvalitet, og at det psykososiale miljøet er romsleg, trygt og inkluderande.

Vi vil:

• Vere ein aktiv skule- og barnehageeigar som bryr oss om innhaldet i skule og barnehage

• Vi vil ha oppvekstsenter på Bygland og Byglandsfjord • Sikre heilskap og tryggleik i overgang mellom barnehage og skule, og mellom barne- og ungdomsskule

• Prioritere at barn og elevar har god tilgang på sosiallærar og skulehelseteneste • Ha tidleg innsats i barnehage og skule

• Vere ein offensiv samarbeidspartnar om faget Demokrati og beborgarskap

• Samarbeide om heilskapleg undervisning i faget Livsmestring og folkehelse i skulen

• Ha ein framtidsretta skule • Arbeide for å jamne ut sosiale skilnader i barnehage og skule

• Halde fram med å støtte haldningsskapande skuletur for 10. klasse i skulens regi

God helse i eit varmare samfunn

Bygland kommune leverer mange ulike helsetenester til alle aldersgrupper. Vi må halde fram med å samarbeide nabokommunar for å kunne gi alle desse tenestene, samstundes som vi styrkar dei tenestene vi sjølv kan levere. Det at vi er få innbyggarar gir høve til å sjå den enkelte, og gi eit tilpassa og heilskapleg helsetilbod på tvers av fag og eining. Dette gjeld både for fysisk og psykisk helse. For å ha ei berekraftig helseteneste, må vi fokusere på førebygging og ettervern. Ei føresetnad for ei heilskapleg og berekraftig helseteneste, er tett samarbeid mellom dei ulike faggruppene.

Vi vil:

• Vektlegge førebyggande helsetiltak

• At dei tilsette i helse har tid og høve til å sette individet i fokus, og sjå heile mennesket

• Prioritere skulehelseteneste

• Verne om helsestasjonstenester

• Utvikle vidare det gode tilbodet på Byglandsheimen

• Sikre brukarar innom rusomsorg eit solid ettervern

• Behalde aktivitørstilling på Byglandsheimen og på Dagsenter for psykisk helse

• Sikre eldre høve til å bu heime så lenge dei ønsker

• Auke og utvikle rutinar for samarbeid på tvers av faggrupper

• Skape gode haldningar og bygge relasjon på tvers av generasjonane gjennom samarbeid mellom oppvekstsenter og eldreomsorg

Kultur og fritid

Eit godt kulturliv og varierte fritidstilbod skapar trivsel og aktivitet, gir godt omdømme, er dannande, og skapar næring. Dette gjeld for innbyggarar i alle aldersgrupper og livssituasjonar. I dag er Byglandshallen og Årdalshallen fylde med idrettsaktivitetar, og ei kulturscene i Bygland sentrum er i kjømda. I tillegg er det mange ulike stader omkring i kommunen som held større og mindre arrangement. Den frivillige innsatsen og dugnadsånda blant innbyggarane er framifrå! Kultur- og fritidstilbodet må ikkje kvile på eldsjelar åleine. Kommunen må vere ein aktiv samarbeidspartnar som har oversyn og langsiktige planar for kultur, fritid og frivilligheit, og legg til rette for eit mangfaldig kulturtilbod.

Vi vil:

• Utarbeide ein kulturplan for vekst og utvikling i kulturlivet

• Halde fram med arrangementstøtte til kulturtilbod for born, unge og eldre

• Halde fram med å støtte lokale lag og foreiningar

• Utvikle og følgje opp innhaldet i og verksemda kring Ungdomsklubben

• Støtte møteplasser for innbyggarar i alle aldrar og livssituasjonar

• Ha lokalt eigarskap til Bygland, Evje og Hornnes kulturskule og rekruttere fleire elevar

• Engasjere oss i UKM

• Legge til rette for å fylle den nye kulturscena med liv og ulike kulturuttrykk

• Halde fram med drift og satse vidare på Frivilligsentralen

• Utarbeide frivilligplan for å skape vekst og utvikling i frivillig sektor

NATUR, RESSURS OG NÆRING

Natur og miljø

Vi vil vere ansvarlege forvaltarar av naturen vår. Det er viktig å ha eit langsiktig perspektiv når vi forvaltar naturen og tar vare på miljøet vårt. Etterkomarane våre skal også kunne nyte mangfaldig natur og eit godt miljø.

Vi vil: 

• Sørge for at alle inngrep i naturen blir utreda objektivt og forskingsbasert

• Ta ansvar for artsmangfaldet og raudlisteartar

• Sørge for at kommunehus, oppvekstsentra og helseeininga blir miljøsertifiserte

• Ha klare miljøkrav til offentlege innkjøp

Fjorden – vår viktigaste ressurs

Byglandsfjorden og Otra er ein unik ressurs, både når det gjeld fiske, reiseliv, rekreasjon, attraktive tomter og anna næring. Vi vil ta ansvar for – og utvikle denne fantastiske gåva, med eit langsiktig og berekraftig perspektiv.

Vi vil:

• Invitere private og offentlege aktørar og tilsyn til ei kunnskapsbasert moglegheitstudie, med fokus på verdiskaping, og stø opp om gode tiltak

• Marknadsføre fjorden som ressurs

• Bruke tilgjengeleg forsking for å forvalte fjorden i høve til krypsiv og fiskekvalitet

• Jobbe for fritt fiske i heile Byglandsfjorden

• Arbeide for sykkelstiar rundt fjorden

• Halde fjorden synleg

• Rehabilitere bryggeanløp Grendi

• Gjere fjorden tilgjengeleg for alle 

Næring, landbruk og verdiskaping

Bygland treng meir verdiskaping og fleire arbeidsplassar. Næringsdrivande og gründerar treng enkel tilgang på rådgjeving og økonomisk støtte. Reguleringsplanane må vere framtidsretta og fleksible. Vi må ha god kommunikasjon mellom dei ulike administrative einingane, slik at ein kan dra i same retning og skape vekst.

Vi vil:

• Arbeide for eit felles støtteapparat for næringslivet i Setesdal

• At vedtekter for næringstilskot og tildeling skal vere offentleg

• Sørge for at små og store næringssakar blir handsama etter same vilkår

• Arbeide aktivt med potensielle investorar og andre interessentar

• Støtte lokalt landbruk, med vekt på rekruttering, kulturlandskap og nisjeprodukt

• Legge til rette for næringsaktivitet i tome næringsbygg

• Vere pådrivar for å kunne handle meir lokalt i store innkjøpssamarbeid